Årsmeldinga for 2025 for Fjordane Interkommunalt politisk råd er no publisert. Meldinga gir eit samla oversyn over aktivitet, prioriteringar og resultat i eit år der regionen har styrka rolla si som ein tydeleg og samlande regional aktør.

Eit hovudtema i 2025 har vore arbeidet med kraft og energitilgang. Region Fjordane har vidareført innsatsen med å synleggjere utfordringar knytt til nett- og kraftkapasitet, og sett dette i samanheng med verdiskaping, næringsutvikling og grøn omstilling. Kraftsituasjonen er avgjerande for framtidig samfunnsutvikling i regionen, og vil vere eit prioritert område også framover.

I løpet av året har regionen fått midlar frå Statsforvaltar til forstudiar innan mellom anna brann- og redningsteneste og kommunen si rolle som reiselivsutviklar. Dette arbeidet skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare samarbeid og politiske prioriteringar.

Region Fjordane har òg vore aktiv på nasjonale og regionale arenaer, mellom anna under Arendalsveka, der regionen hadde eige kontor og fungerte som møteplass for politisk og administrativ leiing, samarbeidspartnarar og nasjonale aktørar. Formannskapskonferansen i Loen samla folkevalde til fagleg påfyll og diskusjon om sentrale tema som kraft, areal, omstilling og berekraftige helsetenester.

Årsmeldinga gir i tillegg oversyn over møteaktivitet, høyringsinnspel og fråsegner, økonomi og status for prioriterte satsingar og handlingsplan.

Du kan lese heile årsmeldinga i fana Fjordane IPR. 

Sist oppdatert: 01.03.2026
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp