Regionrådet deltok nylig på Arendalsveka, der dei fekk fagleg påfyll og diskuterte viktige tema for regionen. Under veka vart det arrangert to spennande prosjekt frå Region Fjordane som engasjerte deltakarar og skapte gode dialogar.

Måløy Vekst var vert for arrangementet "Vi er klare for Stad skipstunnel", der deltakarane fekk innsikt i den viktige infrastrukturen som vil styrke samferdsel og næringsutvikling i regionen. Stad kommune sitt arrangement var og  knytt til Stad skipstunnel, der fokus var på djupassdeponi som eit berekraftig tiltak for massebruk i samband med utbygginga.

Rådsmedlemmane var innom ulike arrangement innanfor tema som verdiskaping, kraft, samferdsel og maritime næringar, som er viktige satsingar for vår region. Arrangementa var godt besøkt av både lokale og nasjonale aktørar.

Deltakinga på Arendalsveka var eit viktig steg for å synleggjere Region Fjordane på nasjonalt nivå, samt å bygge nettverk for framtidige samarbeid på tvers av næringar. 

Sist oppdatert: 27.01.2025
Forfattar: Elisabeth Hatlenes

Scroll top

Opp