Viktig å etablere dialog tidleg
Regionrådet legg vekt på å byggje ein god og strukturert dialog med stortingsbenken tidleg i valperioden. Målet er å etablere faste strukturar for oppfølging og samarbeid – slik at regionen kan bidra med kunnskap, fakta og forslag som gir grunnlag for gode nasjonale avgjerder med utgangspunkt i distriktet sine behov.
God deltaking frå begge nivå
Frå stortingsbenken deltok Erling Sande (Sp), Marius Dalin (MDG) og Stig-Even Lillestøl (Frp). Dei møtte eit fulltalig regionråd, og samtalen var både engasjert og konstruktiv. Det vart lagt vekt på å dele innsikt i regionale utfordringar og peike på korleis samarbeidet mellom lokalt og nasjonalt nivå kan styrkjast framover.
Tema som vart løfta
Møtet gav kommunane høve til å løfte fram viktige regionale prioriteringar:
Samferdsel: Behovet for trygge og effektive transportårer som bind regionen saman og sikrar tilgang til arbeidsplassar og tenester. Det vart særleg peika på E39 Storehaug–Førde, Stad skipstunnel, Kalvåg fiskerihamn, Strynefjellet og flyruteanbodet. Regionrådet understreka òg kor viktig det er å styrkje satsinga på fylkesvegane – våre kvardagsvegar – som har stort vedlikehaldsetterslep.
Kraft og nett: Regionen er eit kraftoverskotsområde, men manglar tilgjengeleg kapasitet for eiga utvikling. Regionrådet tok opp kva konsekvensar grunnrenteskatten kan få for småkraftverk og lokale energiselskap. I Fjordane blir det arbeidd med ulike løysingar for omstilling trass kø i tilgangen til nettet – mellom anna vurdering av tildeling på vilkår, til dømes knytt til cruisetrafikk, og betre rammevilkår for anleggsbidrag og tilknyting.
Kommuneøkonomi: Rammevilkår og handlingsrom som påverkar lokaldemokratiet og evna til å løyse lovpålagde oppgåver. Regionrådet peika på utfordringa når Helse Førde reduserer statlege tenester, og delar av oppgåvene blir overførte til kommunane utan økonomisk kompensasjon.
Ei samla stemme for regionen
Møtet med stortingsbenken er eit uttrykk for kor viktig det er å stå samla om dei store spørsmåla for Fjordane. Med eit tydeleg og koordinert samarbeid kan kommunane i fellesskap påverke nasjonal politikk og sikre at distriktsperspektivet vert teke på alvor.
Regionrådet ønskjer å følgje opp møtet med jamlege dialogar og systematisk oppfølging av sakene som vart løfta. Dette skal bidra til at regionen blir ein aktiv og tydeleg stemme i nasjonale prosessar – til beste for næringsliv, innbyggjarar og framtidig verdiskaping
Sist oppdatert: 17.11.2025
Forfattar: Elisabeth Hatlenes
Opp