Region Fjordane - 10.03.2025
Den 6.-7. mars 2025 var formannskap og administrativ leiing i våre 11 medlemmskommunar samla i Loen for å rette søkjelyset på felles utfordringar. 180 deltakarar fekk innsikt og kunnskap om kraftunderskot i regionen og kostnadsvekst i helse og omsorg, dette blir viktig å ha fokus på framover.
"Det beste energiseminaret nokon gong", sa fylkesordførar Jon Askeland etter å ha delteke på energiseminar i regi av Invest in Fjordane og Region Fjordane. Seminaret sette søkjelys på energi, industri og klima- med klart bodskap frå leiiande aktørar.
Energiminister Terje Aasland - "Vi står ved eit brytningspunkt og treng meir nett og energi. Kommunane må vere villige til å utgreie nye vindkraftanlegg. Vetoretten står FAST".
NHO Vestland Helene Frihammer - "Vi har stort kraftgap. Utan investering i fornybar energi risikerer vi tap av arbeidsplassar og svekka konkurransekraft. Tida er inne for å vurdere utgreiingsplikt for kommunane".
LO - Kenneth Sandmo - "Manglande kraftutbygging fører til færre arbeidsplassar, svekka eksport og høgare straumprisar. Mislukkast vi i å nå klimamål mister vi konkurransekraft".
Vestland fylkeskommune Bård Sandal - "For å tiltrekke investeringar må vi satse i verdstoppen. Fire kritiske oppdrag; Grøne hubbar, leiande havregion, innovativ grøn infrastruktur, biologisk mangfald og matjord".
Institute for Energy Technology (NTRANS) Kari Espegren var klar i si tale; omstilling til lågutslepp krev store endringar i teknologi og samfunn.
✅ Storskalainnføring av lavkarbonteknologi
✅ Fleksible, digitale løysingar og sirkulærøkonomi
✅ Betydelig auke i fornybar energi for å nå klimamåla
Barrierar gjer at utsleppskutta går for sakte. Løysingar må ta omsyn til energi, natur og biodiversitet.
Norconsult Jostein Gjevre og Fredrik Fougner -" Noreg treng meir kraft, men samstundes må regionane kjempe for plassen i nettet. Det er store moglegheiter for Fjordane – men det krev: Auka investeringar i ny kraftproduksjon, betre koordinering, sikre at lokal og kortreist kraft reduserer behovet for nett. Dagens system sikrar ikkje lokal industri sjølv med auka kraftproduksjon i regionen".
Invest in Norway Gard Madsen -"Fjordane spelar ei nøkkelrolle i Norges internasjonale marknadsføring.
20 % av alle tilsette jobbar i selskap med utanlandsk eigarskap og 30 % av alt sal kjem frå privat sektor. FDI er knytt til så mykje som 40 % av BNP".
Lund & Co Espen Volden:
Kommunane har vetorett, men har dei gode nok insentiv til å seie ja til fornybar utbygging?
🔹 Bråstopp kraftutbygginga, energi er både tryggleik- og klimapolitikk
🔹 Miljødirektoratet; vindkraft kan byggast med akseptable miljøkonsekvensar
🔹 Viktig å forhandle utbyggingsavtalar for å sikre lokale verdiar
Bodskapen er klar: Skal vi lykkast med det grøne skiftet og nullutslepp, må vi ha meir energi, betre nett og handlekraftige avgjersler!
Statsforvaltaren Liv Signe Navarsete opna dag to med ei orientering om viktige fokusområde innan helse og omsorg. Lite viste ho at i salen hadde ho unge tilhøyrarar frå Forandringsfabrikken som lytta og nikka til hennar innlegg. Heilskapleg og langsiktig planlegging for kapasitet, kvalitet og kompetanse i helse- og omsorgstenesta må kommunane ha fokus på. Det er særleg viktig med kunnnskapsbasert folkehelsearbeid, helsefremjande arbeid og førebyggande helsetenester for å sikre systematisk og langsiktig arbeid.
Forandringsfabrikken kunnskapssenter med Marit Sanner i spissen hadde med seg 3 ungdommer som ga råd om korleis ein kan ta vare på alle unge som strevar med psykisk helse og rus. Det kjendes både trygt og verdifullt å lytte til råd frå ungdom. Så enkelt, men likevel så vanskeleg.
Kommunane Bremagner, Gloppen og Kinn delte gode praksisdømer på korleis ein arbeider med rekruttering, skrøplighetsvurdering og tildeling av tenester. Nyttig og viktig at kommunane kan dele og lære av kvarandre.
KS Konsulent Chriss Madsen leverte eit framifrå innlegg med skreddersydde tal for korleis våre kommuner leverer helse- og omsorgstenster. Det vert peika på at det er seæreleg ressurskrevjande tenester, samhandlingsreformen og BPA som årsak til kostnadsveksten i pleie og omsorg. Likevel vel han å peike på den største utfordringa, forventningsgapet, gapet mellom det som vert forventa av kommunen og det som er mogleg å levere av tenester med dei ressursane som er tilgjengelege. "Forventningsgapet påverkar opplevinga av kvalitetne som blir gitt i ei kommune".
Sist oppdatert: 27.05.2025
Forfattar: Region Fjordane
Opp