Den 13.-14. februar 2025 arrangerer Region Fjordane den årlege formannskapskonferansen. Omlag 80 lokalpolitikarar og 40 administrativt tilsette deltek på konferansen for fagleg påfyll, utforming av fellespolitikk og utvikling det regionale samarbeidet.
Kraft er ein nøkkelfaktor for økonomisk vekst, grøne investeringar og berekraftig utvikling. Rådet har valt å sette dette temaet på agendaen under årets konferanse for å adressere utfordringar knytt til energiforsyning og utnytting av fornybare ressursar. Dette arbeidet er viktig for å sikre auka krafttilgang, støtte næringslivet og møte nasjonale klimamål, og vil vere avgjerande for å forme ei berekraftig framtid for regionane.
Anne Kristin og Petter Sortland hadde eit innlegg om kraft på førre konferanse som skapte stort engasjement. På bakgrunn av dette har regionrådet gått saman med Invest in Fjordane om å få på plass eit kunnskapsgrunnlag som syner dei ulike utfordringane knytt til dette. Denne analysen vil bli presentert og aktuelle gjestar er knytt opp mot ulike problemstillingar i heile regionen.
Kommunane i Fjordane er nokså like og demografiutfordingar påverkar tenestene på ulike måtar. Kunnskap og forståing for korleis vi skal planlegge for kapasitet, kvalitet og kompetanse blir viktig for ei berekraftig helse og omsorgsteneste.
På dag 2 har vi satt av tid til å ta eit djupdykk inn i helse og omsorgstenestene. Det er eit komplekst teneste område som krev samhandling samstundes som ein skal sørge for at innbyggjarane får den hjelpe som trengst. 3 kommunar skal vise korleis dei har løyst omstillingsarbeidet og utfordringane som ein står i.
Program 13. februar
Det store biletet med blikk på lokale utfordringar v/ Jenny Følling, Region Fjordane
Det grøne skiftet, vetoretten, industri og miljøforplikting v/ Terje Aaland, Energiminister
Kraft for vekst- tilgang på energi som drivkraft for næringslivet v/ Ole Erik Almlid, Adm. direktør NHO
Kva betyr energi for våre arbeidsplassar v/ Kenneth Sandmo, Næringspolitisksjef LO
Fjordane på frammarsj- nøkkelen til investering og utvikling v/ Bård Sandal, VLFK
Nettonullsamfunn i sikte- ulike strategiar for ei berekraftig framtid v/ Kari Aamodt Espegren, Institue for Energy Technology (NTRANS)
Vegen til samarbeid- nøkkelen til lokal støtte og utvikling i energispørsmålet v/ Ragnhild F. Dale, Vestlandsforsking (NTRANS)
Frå utfordring til moglegheit – Nøkkelen til betre nett- og straumkapasitet i Fjordane. Slik lukkast vi med næringsutvikling v/ Håkon Bergsodden, Direktør Fornybar energi, Norconsult
Noreg i verda- korleis gjer vi landet attraktivt for globale investeringar v/ Gard Madsen, Invest in Fjordane
Saman for eit sterkare Fjordane v/ Jon Askeland, Fylkesordførar
Program 14. februar
Frå kraft til berekraftige heleseteneste- alt heng saman med alt
Heilskapleg og langsiktig planlegging for kapasitet, kvalitet og kompetanse i helse og omsorgstenestene v/ Liv Signe Navarsete, Statsforvaltar
Korleis ta vare på alle som unge som strevar med psykisk helse og rus? Ungdom må kjenne at dei høyre til og er velkommen. v/ 3 ungdommar og Marit Sanner, Forandringsfabrikken
3 Praksisdømer frå Fjordane
Skrøpelege eldre - behandlingsvurdering v/ Benny Ø. Hansen, kommuneoverlege Gloppen
Lokal bemanningsbase for helse v/ Randi Ytrehus, kommunalsjef Bremanger
Innstramming i tildeling av tenester v/ Norunn Stavø, kommunalsjef Kinn
Samarbeid krev handling frå alle. Er du ein del av løysinga? v/ Kjell- Wernik Nystøyl interkommunale samhandlingskoordinator
Helse og omsorg sprengjer budsjetta- er det noko igjen til eldreomsorg? v/ Chriss Madsen, KS Konsulent
Sist oppdatert: 11.02.2025
Forfattar: Elisabeth Hatlenes
Opp