Region Fjordane samla til arbeidsmøte – vedtok støtteskriv og drøfta kraftpolitikk
Medlemmane i Region Fjordane var samla til arbeidsmøte i Sunnfjord den 24. juni. Møtet vart ein viktig milepæl i arbeidet med å styrke regionale satsingar og utvikle ein felles politisk plattform.
Før sjølve arbeidsmøtet tok deltakarane turen til Astruptunet for ei inspirerande omvisning. Her fekk dei høyre historia til Nikolai Astrup, sjå oppgraderingane som er gjort i tunet og bli kjende med dei spennande planane for etablering av eit nytt visningssenter.
I møtet drøfta og vedtok regionrådet to støtteskriv knytt til etablering av:
Desse initiativa er viktige bidrag til å styrke kultur- og kunnskapsinfrastruktur i regionen, og medlemmane var samde om å støtte prosjekta.
Region Fjordane har i samarbeid med Invest in Fjordane fått utarbeidd ei Kraftsystemanalyse. Dette kunnskapsgrunnlaget skal nyttast i arbeidet med å forme ein framtidsretta og ansvarleg kraftpolitikk for regionen. I møtet kom det mange gode og konstruktive innspel til korleis vi bør gå vidare med å utvikle eit grunnlag for ei felles politisk plattform i kraftsaker.
Samlinga i Sunnfjord viser korleis Region Fjordane arbeider målretta for å utvikle heile regionen – gjennom kultur, kunnskap og politikkutvikling.
Sist oppdatert: 25.06.2025
Forfattar: Region Fjordane
Opp