Elisabeth Hatlenes - 02.04.2025
Equinor har starta planlegginga av elektrifisering av petroleumsfelta i Tampen-området med kraft frå land. No ønskjer dei 11 kommunane i Fjordane at eit fjerde alternativ vert utgreia, ny trafo på Grov, som ein meiner vil ha størst samfunnsnytte samla sett for regionen.
Det er varsla oppstart av planarbeidet og lagt fram eit forslag til utgreiingsprogram for å belyse mogelege konsekvensar av nytt nettanlegg. Kravet om melding er utløyst av at tiltaket overstig 15 km med spenning på 132 kV eller meir mellom landanlegget og grunnlinja.
Olje- og gassindustrien i Noreg har sett seg mål om å redusere sine absolutte klimagassutslepp med 50 prosent innan 2030 og nær null i 2050. No ser ein på ei løysing med kraft frå land til Snorre A-plattformen er vurdert som den beste basert på miljø, teknologi og økonomi.
Alternativ for kraftforbindelsen
Equinor melder tre moglege alternativ for kraftforbindelsen:
1. Frå Ålfoten transformatorstasjon til landtak ved Bortnen, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
2. Frå Ålfoten transformatorstasjon til landtak ved Merkingsneset/Djupvika, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
3. Frå Hennøy transformatorstasjon til landtak ved Merkingsneset/Djupvika, og sjøkabel ut til petroleumsfelta.
Høyring og møte
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sender på høyring ei melding frå Equinor om elektrifisering av petroleumsfelta i Tampen-området. Anlegga for landstraum vil kunne påverke Bremanger kommune i Vestland. NVE ber om innspel til meldinga innan 28. mars 2025 og Region Fjordane har sendt innspel innan fristen.
Klar tale frå Region Fjordane
Region Fjordane har utarbeidd ei kraftsystemanalyse som viser flaskehalsar og utfordringar i våre 11 medlemskommunar. På bakgrunn av dette ønskjer ein å spele inn eit forslag som har større samfunnsnytte og løyser fleire utfordingar. Kommunane i Fjordane meiner at dei 3 skisserte alternativa oppnår låg samfunnsnytte og tek ikkje omsyn til berekraftig bruk og bevaring av natur. Difor meiner vi at eit 4. alternativ, ny trafo på Grov, har større samfunnsnytte samla sett for heile regionen.
Vi ber om at ein større grad må ta omsyn til å redusere nedbygging av natur og evnar å finne løysingar som kjem fellesskapet til gode. Ein ny trase gjennom Bremanger kommune er eit stort inngrep som ikkje er naudsynt, slik vi ser det. Stasjonen på Grov må oppgraderast, uavhengig av elektrifisering av sokkelen og realisering av havvind. Difor er det ein klar forutsetning at Grov vert utgreia som alternativ tilknytingspunkt dersom elektrifisering blir realisert.
Sist oppdatert: 21.05.2025
Forfattar: Elisabeth Hatlenes
Opp