Region Fjordane / Invest in Fjordane - 12.08.2025
Arendalsveka: Region Fjordane og Invest in Fjordane inviterer til eit arrangement om kraftproblematikkar i Fjordane. Godt oppmøte og engasjerande debatt med ei bønn om at det er behov for ny nasjonal kraftpolitikk med regional og lokal medverknad.
Industrien og næringslivet står klare- men kvar blir det av krafta?
Om kraft i kø, investeringar på vent og kva det kostar å ikkje prioritere samfunnsnytte
Fjordane produserer kraft langt utover eige behov – men industrien på land kjem ikkje til. Prosjekt som kunne skapt arbeidsplassar og grøn omstilling stoppar opp i møte med tilknytingskøar, store anleggsbidrag og manglande prioritering. Resultatet er svekka konkurransekraft, utsette investeringar og tapte moglegheiter for næringsliv som er klare – men ikkje får tilgang. Samtidig har vi ikkje eit system som aktivt prioriterer krafta dit den gir størst samfunnsnytte.
Samtidig blir presset på naturen stadig større. Meir kraftutbygging, fleire nettanlegg, større inngrep. Korleis skal vi løyse elektrifiseringa og det grøne skiftet – utan å forverre naturkrisa?
Kven bestemmer eigentleg kva krafta vår skal brukast på? Har vi gode nok insentivordningar og rettferdig fordeling mellom regionar – eller treng vi ein ny retning i norsk kraftpolitikk?
Før politikarane entrar scena vert Linn T. Nekkøy i Aksello, Erik Espeset som styreleiar av Linja og Jenny Følling som leiar av regionrådet invitert til løfte opp nokre problemstillingar.
Invest in Fjordane inviterer politikarar, næringsliv og regionråd til ein konkret og handlingsretta debatt om kraftprioritering, naturvern, industriutvikling og kva som skal til for at produksjon, behov og natur kan henge saman – før det er for seint. I den politiske debatten er desse invitert for å få ein brei og god debatt.
Terje Søvikned, 2. nestleiar i FrP
Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler (AP)
Hege Lothe, 1. stortingskandidat (SV)
Sonja Øvre-Flo, 2. stortingskandidat (H)
Sist oppdatert: 12.08.2025
Forfattar: Region Fjordane / Invest in Fjordane
Opp