Regionrådet har fått ny leiar. Etter to år i vervet gjev Jenny Følling stafettpinnen vidare til Leif Jarle Espedal.

Jenny Følling har leia regionrådet gjennom ei viktig tid for samarbeidet i regionen. Ho har vore ein tydeleg og samlande leiar, og vi vil rette ein stor takk for innsatsen ho har lagt ned dei siste to åra. Ny leiar er Leif Jarle Espedal, som til dagleg er ordførar i Fjaler kommune. Han tek no over leiinga av regionrådet og ser fram til å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom kommunane i regionen.

Samtidig er det valt nytt arbeidsutval. Arbeidsutvalet består av:

  • Leif Jarle Espedal (Fjaler)
  • Jenny Følling (Sunnfjord)
  • Per Kjøllesdal (Stryn)

Regionrådet er ein viktig arena for samarbeid, samordning og felles prioriteringar. Med nytt leiarskap og eit sterkt arbeidsutval ser vi fram til å halde fram arbeidet for å styrke regionen vår.

Sist oppdatert: 01.03.2026
Forfattar: Elisabeth Hatlenes

Scroll top

Opp