Region Fjordane støttar opp om etableringa av Astruptunet Visningssenter i Sunnfjord kommune. Visningssenteret er eit strategisk viktig kulturbygg for både regionen og landet, og vil spele ei avgjerande rolle i formidlinga av ein av våre mest kjære og særprega kunstnarar.

Astruptunet representerer eit heilt unikt heilskapleg kulturmiljø der kunst, natur og bygningar utgjer ein samla opplevingsarena. Med det planlagde visningssenteret får vi eit bygg som både vernar det antikvariske tunet og opnar opp for heilårsdrift, universell tilkomst, moderne utstillingsstandard og større kapasitet for publikumsutvikling.

 

Vi ser på dette prosjektet som:

  • Eit viktig steg i å styrke kunst- og kulturprofilen til regionen og på Vestlandet.
  • Eit tiltak med stor nasjonal verdi, der visningssenteret vil gjere det mogleg å stille ut sentrale verk frå Astrup sin produksjon under fagleg og klimamessig forsvarlege forhold.
  • Eit bidrag til formidling og undervisning der hage, kunst, tradisjonshandverk og sjølvberging knyt historia til framtidas berekraftige læring.
  • Eit tiltak som vil bidra til heilårsarbeidsplassar og lokal verdiskaping, og styrke regionen som ein attraktiv reisemålsdestinasjon innan kultur og naturbasert turisme.

Med plan- og designkonkurranse gjennomført i samarbeid med NAL, og med brei oppslutning frå Sunnfjord kommune, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen DNB og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, vurderer dei prosjektet som gjennomtenkt og berekraftig – både kulturelt, økonomisk og arkitektonisk.

Region Fjordane vil difor uttrykkje si støtte til prosjektet og oppmodar Kulturdepartementet til å bidra til realiseringa av visningssenteret gjennom statlege midlar til nasjonale kulturbygg.

Region Fjordane meiner det er viktig å sikre arven etter Nikolai Astrup for komande generasjonar – på staden der han levde, arbeidde og henta sin kunstnarlege inspirasjon.

Sist oppdatert: 25.06.2025
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp