Region Fjordane - 11.09.2025
I rådsmøte denne veka vart ein samde om å sende ei uttale til Storting og departement der ein ber om at ein må følje opp Stad Skipstunnel på same måte som ein gjer med andre samferdselsprosjekt.
Region Fjordane sitt interkommunale politiske råd understrekar den nasjonale betydninga av Stad skipstunnel. Prosjektet har brei politisk forankring, er planlagt og har gjennomgått omfattande førebuingar lokalt og regionalt. Det er no avgjerande at staten fullfører prosessen og ferdigforhandlar prosjektet, og at Stortinget behandlar saka og følgjer opp sine tidlegare lovnader. Stad skipstunnel er ikkje eit lokalt ønskjeprosjekt, men eit nasjonalt infrastrukturtiltak. Sjøen er vår «Riksveg 1», og tryggleik, beredskap og framkomst på kysten må prioriterast på line med veg og bane andre stader i landet.
Prosjektet vil gje:
Kostnadsauken i prosjektet må òg sjåast i samanheng med den generelle prisveksten i anleggssektoren dei siste åra. Samanlikna med fleire andre nasjonale prosjekt med langt større overskridingar, er Stad skipstunnel framleis eit lite prosjekt i kostnad, men med stor nasjonal gevinst. Det er behov for å sikre beredskap og utvikling i heile landet – ikkje berre i og rundt dei største byområda. Store infrastrukturprosjekt må fordelast jamnare geografisk dersom vi skal sikre tryggleik, verdiskaping og busetnad langs heile kysten. Stad skipstunnel er eit slikt prosjekt.
Stad skipstunnel kjem som eit tillegg til annan infrastrukturutvikling i Vestland og i resten av Noreg, og står ikkje i motsetnad til andre viktige prosjekt i fylket eller i andre regionar.
Vår oppmoding:
Regjeringa og Stortinget må sikre at Stad skipstunnel vert fullfinansiert, at forhandlingane vert ferdigstilt, og at saka vert behandla politisk slik at tidlegare vedtak og lovnader vert følgde opp. Stad skipstunnel er eit nasjonalt løft for tryggleik, klima og verdiskaping – og må realiserast no.
Sist oppdatert: 11.09.2025
Forfattar: Region Fjordane
Opp