Elisabeth Hatlenes - 06.08.2026
Tysdag kl. 17 inviterer styringsgruppa for Stad skipstunnel til eit uhøgtidleg arrangement i Havnegata 4 under Arendalsuka. Gjennom humor, historieforteljing og faglege samtalar markerer vi overgangen frå over 40 år med planlegging og politisk arbeid til bygginga av verdas første skipstunnel.
Kor mange kaker skal eigentleg til for å byggje verdas første skipstunnel?
Etter over 40 år med utgreiingar, vedtak, omkampar og utallege kakemarkeringar er tida komen for å sjå tilbake – med eit smil. Under Arendalsuka inviterer Region Fjordane til «Lær deg å elske Stad skipstunnel – den store kakekavalkaden: 40 år på 40 minutt» .
Kor mange kaker har eigentleg blitt spiste gjennom 40 år med utgreiingar, politiske vedtak og omkampar? Det spørsmålet dannar ramma rundt «Den store kakekavalkaden – 40 år på 40 minutt», ei lettbeint reise gjennom historia til eit av dei mest omtalte samferdselsprosjekta i Noreg.
Samtidig er blikket retta framover. Publikum får møte representantar frå AF Gruppen og Kystverket som fortel om arbeidet med å byggje verdas første skipstunnel og førebuingane til den nye fasen prosjektet no går inn i. Det blir òg ein samtale med stortingsrepresentantane Tuva Moflag (Ap) og Geir Inge Lien (Sp) om den politiske vegen fram til vedtaket – og kva Stad skipstunnel kan bety for framtida.
Velkomen til ei markering av at verdas første skipstunnel no går frå ord til handling.
Les meir om arrangemnetet i lenkja: Arendalsuka | Lær deg å elske Stad skipstunnel
Sist oppdatert: 07.08.2026
Forfattar: Elisabeth Hatlenes
Opp