Bilete som er relevant for nyhendesaka 'Arendalsuka 2026: Kraftforlik- er det noko vi kan einast om?'.

Kan vi bli einige om framtidas energipolitikk?

Kraftdebatten i Noreg handlar ofte om konfliktar. Vindkraft møter motstand, straumnettet er under press, næringslivet ventar på tilgang til kraft, og omsynet til naturen skaper krevjande avvegingar. Under Arendalsuka inviterer Region Fjordane, i samarbeid med Sogn og Fjordane Energi, Linja og Tafjord, til ein litt annan samtale. I staden for å spørje kva vi er usamde om, spør vi: Kva kan vi faktisk bli einige om?

Målet er å løfte blikket frå enkeltsaker og diskutere korleis produksjon, nett, forbruk, styresmakter og næringsliv kan spele betre på lag. For dersom Noreg skal lukkast med energipolitikken, held det ikkje å peike på utfordringane – vi må òg finne løysingane.

Arrangementet startar med faglege innlegg frå Statnett og Kraftfylket, som gir eit nasjonalt og regionalt perspektiv på utviklinga i kraftsystemet. Deretter blir utfordringane sette inn i ein konkret samanheng gjennom tre korte case frå Fjordane. Her får publikum møte aktørar som arbeider med ulike delar av kraftsystemet – frå kraftproduksjon og nettutbygging til framtidig kraftbehov og verdiskaping.

Til slutt møtest politikarar og sentrale aktørar til debatt. Ambisjonen er ikkje å kåre vinnarar i kraftdebatten, men å utforske kva vi kan samle oss om – og kva som må til for at Noreg skal lukkast med energipolitikken i åra som kjem.

Velkomen til ein debatt som handlar om meir enn energi. Han handlar om samarbeid, gjennomføring og løysingar.

Arendalsuka | Kraftforlik - er det noko vi kan einast om?

 

Sist oppdatert: 07.08.2026
Forfattar: Elisabeth Hatlenes

Scroll top

Opp