Region Fjordane søkjer ein ny medarbeidar innan kommunikasjon og prosjektoppfølging. Vi ser etter ein person som ønskjer å vere med og skape utvikling og som trivst i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, prosjektarbeid og samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit lite og handlekraftig sekretariat som arbeider på vegner av dei elleve kommunane i Region Fjordane. Saman med kommunar, næringsliv og offentlege aktørar jobbar vi for å styrkje regionen og skape resultat i saker som er viktige for framtida.

 

Ei stilling med stor variasjon

Arbeidskvardagen er variert. Du vil mellom anna arbeide med strategisk kommunikasjon, prosjektoppfølging, møte- og arrangementsplanlegging, politiske prosessar og samarbeid på tvers av kommunar og organisasjonar. Region Fjordane arbeider med ei brei portefølje av utviklingsoppgåver innan mellom anna:

  • samfunnsutvikling
  • næringsutvikling
  • samferdsel
  • kraft og energi
  • berekraft
  • regionalt samarbeid

Du får stor fridom til å forme eigen arbeidskvardag, samtidig som du blir ein del av eit miljø der samarbeid, tillit og gjennomføring står sterkt.

 

Vi ser etter deg som vil skape resultat

Vi ønskjer ein kollega som tek initiativ, byggjer gode relasjonar og får ting til å skje. Erfaring er viktig, men like viktig er evna til å lære, samarbeide og omsetje idear til handling. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din til å skape verdiar for heile regionen.

Vil du vere med på laget?

Søknadsfristen er 24. august 2026

Sjå annonsa her

 

Sist oppdatert: 07.08.2026
Forfattar: Elisabeth Hatlenes

Scroll top

Opp