Region Fjordane - 24.08.2026
Utbygginga av tunnelen gjennom Hafstadsfjellet på E39 gjennom Sogn og Fjordane er ikkje eit nytt prosjekt. Prosjektet har vore aktuelt i over ti år, utan at ein meter har blitt bygd. Kostnadene har auka kraftig. No fryktar næringsliv og lokale politikarar nye reguleringsrundar og forseinkingar.
Sterk kostnadsutvikling
I løpet av sju år har prosjektet hatt ein kostnadsvekst på 58 prosent. Statens vegvesen peikar på ein akselererande kostnadsauke i store delar av porteføljen, og særleg på tunnelsida. Dersom prosjektet skal realiserast innanfor første periode i Nasjonal transportplan, meiner vegdirektør Ingrid Dahl Hovland at kostnadsnivået må ned. Vegvesenet ønskjer derfor å sjå på moglegheita for å redusere kostnadene, mellom anna gjennom å vurdere standard og trasé.
Lokale politikarar og næringsliv fryktar likevel at nye reguleringsprosessar vil føre til ytterlegare forseinkingar. Jenny Følling, leiar i E39-utvalet og ordførar i Sunnfjord kommune, er tydeleg på at vi ikkje lenger har tid til å vente. «Vi fryktar at nye krav og ny kostnadsvekst vil gi dyrare, men dårlegare løysingar».
Kostnadsutvikling
2013 - kommunedelplan: 3,9 mrd.
2019 - kostnadsoptimalisering: 2,9 mrd.
2023 - bompengeproposisjon: 4 mrd.
2026 - ny kostnadsberekning: 4,6 mrd.
Næringslivet fryktar ein ny runddans
Det er sterk og samla støtte til tunnelen gjennom Hafstadsfjellet på E39 Storhaugen-Førde. Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane næringsråd, peikar på støtte frå eit samla politisk miljø, næringsliv, offentlege etatar og innbyggjarar som ønskjer ein trygg veg. «Det skal ikkje vere nokon tvil om korleis dette prosjektet er prioritert», seier Lødemel.
I sommar har det vore tre motorsykkelulukker og ei bilulukke i lia. Slik vegen er no, er han verken effektiv eller trafikksikker. I likskap med Følling fryktar Lødemel at ein ny reguleringsprosess vil føre til ytterlegare forseinkingar i prosjektet: «Det er ganske spesielt at eit prosjekt som har gått gjennom to NTP-ar, no skal få ei utsetjing i form av nye reguleringsplanar. Eg må seie eg er livredd for dei prosessane.»
Sogn og Fjordane næringsråd meiner det må takast utgangspunkt i reguleringsplanane som allereie finst, og tilpassast ut frå desse. Lødemel meiner det er fullt mogleg å både få ned kostnadene og finne ei god løysing.
Ikkje bestemt seg for omregulering
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland viser forståing for uroa rundt prosjektet, men meiner kostnadsnivået må vurderast dersom det skal vere mogleg å realisere prosjektet innanfor NTP-perioden. Hovland understrekar samtidig at det enno ikkje er avgjort at prosjektet skal omregulerast. «Vi har ikkje bestemt oss for ei omregulering. Det er viktig at vi har ein tett og god dialog med lokale myndigheter», seier Hovland.
Må få oppstart no
Debatten om utbygginga av E39 handlar til sjuande og sist om tryggleik på ein veg som kvar dag blir brukt av pendlarar, næringsliv og reisande.
Etter over ti år med planlegging utan handling er tida for nye utgreiingar er over. Jenny Følling er tydeleg på kva som må skje vidare: «Vi må få oppstart no, så ikkje dette hamnar inn i ei ny ørkeslaus vandring i Nasjonal transportplan».
Sist oppdatert: 24.08.2026
Forfattar: Region Fjordane
Opp