Fjordane interkommunalt politisk råd gjorde vedtak den 16. april 2025 om å sende innspelet om veterinærvaktordning vidare til KS Vestland for behandling. 

Bakgrunnen for dette innspelet er er at veterinærvaktordninga i kommunane er eit viktig tiltak for å sikre tilgang til naudsynt veterinærteneste utanom ordinær arbeidstid. I dag er det store utfordringar knytt til ordninga, blant anna vanskar med å rekruttere nok veterinærar, ujamn arbeidsbelastning og lange reiseavstandar i enkelte vaktdistrikt. Vaktdistrikta må i mange høve strekke seg langt for rekruttere og for å få på plass ei avtale. Fleire kommunar opplever at dagens vaktdistriktsinndeling ikkje er tilpassa endringar i landbruksnæringa, der talet på produksjonsdyr har gått ned, medan mengda kjæledyr har auka. Dette skapar nye utfordringar knytt til finansiering og organisering av vaktordninga. 

Kommunane er generelt svært pressa på primærtenestene sine, med avgrensa ressursar til å jobbe med veterinærordningane, og møte dei krava som vert sett for å sikre veterinærdekning. Kommunane har i svært liten grad moglegheit for å reorganisere vaktdistrikta. Dette er ei oppgåve som Statsforvaltaren/ Staten må ta eigarskap til. Det er behov for ei breiare drøfting av framtidig organisering av veterinærvaktordninga.

Landbrukssjefane i regionen har diskutert utfordringane med Statsforvaltaren, og har peika på fleire moment som bør inngå i ei vidare utgreiing. Det er semje om at dagens ordning har vesentlege svakheiter som må utbetrast for å sikre eit berekraftig tenestetilbod. Regionrådet og kommunedirektørnettverket har vurdert saka og meiner at dette er eit viktig tema for vidare politisk drøfting. Ein tilrår at saka vert sendt til KS for vurdering av mogleg nasjonal oppfølging.

Sist oppdatert: 27.05.2025
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp