Kva kan du vente deg i Førde 4. mars?

Den 4. mars samlar vi folkevalde og administrativ leiing i Førde til ein konferanse som treff midt i tida vi står i. Å leie under press er ikkje lenger eit teoretisk tema – det er kvardagen i kommunesektoren.

Deltakarane kan vente seg fagleg påfyll frå sterke stemmer, konkrete døme frå kommunekvardagen og samtalar som går rett inn i dei dilemma vi møter som leiarar og folkevalde. Korleis prioriterer vi når ressursane vert strammare? Korleis byggjer vi ein berekraftig kommunesektor som står seg over tid? Og kva betyr totalforsvarsåret for kommunen si rolle i samfunnstryggleiken?

Dette vert ein arena for både innsikt, refleksjon og retning. Målet er at alle reiser heim med ny kunnskap, styrkt regional forståing – og større tryggleik i rolla som leiar under press.

Vi gler oss til å samle regionen til den viktigaste arenaen for kunnskap og retning. 

Sist oppdatert: 01.03.2026
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp