Alle medlemskommunane har handsama saka i sine respektive kommunestyre, og samtlige har gjort likelydande vedtak om vidareføring av samarbeidet. Samstundes held Stad fram som vertskommune for regionrådet. Leiar i Regionrådet i Fjordane, Leif Jarle Espedal, er glad for at kommunane ønskjer å stå samla om dei viktigaste regionale sakene. -Det er svært positivt at alle kommunane ønskjer å vidareføre samarbeidet. Vi står sterkare når vi løftar viktige saker i lag, og regionrådet har blitt ein viktig arena for samarbeid og felles retning for regionen, seier Espedal.
Dagleg leiar i Region Fjordane, Elisabeth Hatlenes, kom frå tidlegare Nordfjordrådet og har leia arbeidet med å bygge opp det nye regionrådet gjennom prøveperioden. Ho er glad for at kommunane har brukt tid på å bygge samarbeidet steg for steg.
– Vi har vore opptekne av å gå passeleg fort fram og bruke tid på å bygge tillit, kultur og forståing på tvers av ein stor og variert region. Det har vore viktig for å kunne samle kommunane om felles utfordringar og moglegheiter, seier Hatlenes
Regionrådet i Fjordane vart etablert gjennom ei samling av tre tidlegare regionråd. I dag representerer samarbeidet ein region med om lag 78 000 innbyggjarar. I løpet av prøveperioden har regionrådet arbeidd med å finne dei sakene kommunane har felles interesse av å løfte og finne løysingar på i fellesskap. Samferdsel, kraft, næringsutvikling, beredskap og helse er blant områda som har stått sentralt i samarbeidet.
Region Fjordane er ein variert og spennande verdiskapingsregion med sterke næringar innan mellom anna maritim industri, havbruk, energi, reiseliv og grøn industriutvikling. Eit samla regionråd gir kommunane større kraft til å arbeide for felles interesser og utvikling av regionen i møte med fylkeskommune, statlege styresmakter og andre samarbeidspartar.
Sist oppdatert: 12.05.2026
Forfattar: Region Fjordane
Opp