Bilete som er relevant for nyhendesaka 'Region Fjordane er positive til innføring av cruiseavgift, men avgifta er for høg.'.

Høyring av forskrift om cruiseavgift 

Denne uttalen er utarbeidd på vegner av Region Fjordane, etter dialog og drøftingar med kommunane i regionen som har cruiseanløp. Region Fjordane, og særleg Nordfjord, er eit av dei viktigaste cruiseområda i landet. Regionen har over tid hatt ein betydeleg auke i talet på cruiseanløp og passasjerar, og cruise utgjer ein viktig del av besøksnæringa. Samstundes medfører denne trafikken både moglegheiter og utfordringar knytt til kapasitet, miljø og lokal verdiskaping. 

Med denne bakgrunnen er det avgjerande at ei eventuell avgiftsordning vert utforma på ein måte som tek omsyn til regionale forhold, sikrar legitimitet lokalt og bidreg til berekraftig utvikling av reiselivet.

 

Region Fjordane støttar ordninga – nivået på avgifta må justerast 

Region Fjordane støttar innføring av ei ordning med cruiseavgift, då dette kan gi kommunane eit viktig verkemiddel for å handtere belastning og finansiere fellesgode knytt til cruiseanløp. Departementet foreslår ein fast nasjonal sats på 100 kroner per passasjer per påbegynt døgn i hamn. Region Fjordane meiner at dette nivået er for høgt og kan få uheldige konsekvensar for konkurransekrafta til regionen. 

Region Fjordane vil peike at eit høgt avgiftsnivå kan påverke reiarlaga sine val av ruter og hamner, og slik bidra til endringar i seglingsmønster. Dette kan potensielt svekke etablerte cruisedestinasjonar som over tid har investert i infrastruktur, beredskap og tilrettelegging. Samstundes kan det oppstå vriding mot mindre hamner eller område som i mindre grad har tilsvarande krav eller kostnadsnivå. 

Region Fjordane sitt syn: 

  • Ein nasjonal sats på inntil 20 kroner per passasjer vil betre balansere omsynet til finansiering av fellesgode og behovet for å vere konkurransedyktig 
  • Avgifta må stå i samsvar med kva midlane kan brukast til
  • Moderat sats vil gi ein nødvendig og stabil inntektsstraum til kommunane 
  • Avgiftsnivået bør utformast slik at ein i størst mogleg grad unngår uønskt vriding av trafikk mellom hamner og regionar 

 

Tydelegheit om kva tiltak som kan finansierast 

Region Fjordane meiner det er behov for tydelegare avklaringar i forskrifta om kva tiltak cruiseavgifta kan nyttast til. Klåre rammer vil vere avgjerande for å sikre føreseielegheit, legitimitet og målretta bruk av midlane. 

Region Fjordane vil peike på at følgjande tiltak er særleg relevante å kunne finansiere: 

  • Tiltak knytt til besøksforvaltning 
  • Infrastruktur knytt til cruise 
  • Vidareutvikle destinasjonen og etablere nye besøk- og reisemål 

 

Innkrevjing og forvaltning av cruiseavgifta 

Region Fjordane meiner det er viktig med tydelege rammer for innkrevjing og forvaltning av cruiseavgifta, slik at ordninga får høg legitimitet og fungerer effektivt i praksis. 

Region Fjordane sitt syn: 

  • Kommunen bør vere overordna ansvarleg for innkrevjing og forvaltning av avgifta. 
  • Den operative innkrevjinga kan gjennomførast i samarbeid med interkommunale hamneselskap, td  IKS. 
  • Inntektene bør førast i kommunen og nyttast i tråd med politisk vedtekne planar og prioriteringar.

 

Behov for klargjeringar i forskrifta 

Region Fjordane meiner det er behov for nærare klargjeringar i forskrifta for å sikre ei ordning som er praktisk gjennomførbar og som ikkje gir utilsikta utslag. Dette gjeld særleg i regionar med tett samarbeid gjennom interkommunale hamneselskap, der ulik praksis mellom kommunar kan gi konkurransevriding og svekke føremålet med ordninga. 

Vidare er det behov for å ta omsyn til særskilde driftsmønster i cruisetrafikken, til dømes ruter med fleire korte anløp i same kommune. Utan tilpassingar kan dette gi urimelege utslag. Dette er særleg relevant for kystruta, drifta av Havila Kystruten og Hurtigruten. Desse har anløp i Florø og Måløy (Kinn kommune), og stoppar berre 15 minutt. Utan tilpassingar kan dette gi urimelege utslag. Departementet ber om høyringsinstansane sitt syn på om det bør vere avgrensing mot kortare stopp på under ein time. Region Fjordane meiner på bakgrunn av dette at kystrutene sine anløp ikkje bør omfattast av berekningsgrunnlaget. 

Det er og behov for ei tydleg klargjering av omgrepet «særleg stor belastning». Region Fjordane meiner det bør vere låg terskel for å kunne innføre cruiseavgift, slik at avgifta kan nyttast som eit verkemiddel for berekraftig reisemålsutvikling og førebyggande besøksforvaltning. Samtidig er det viktig at kommunar og hamner med særleg stor belastning får rask avklaring og nødvendig handlingsrom til å handtere utfordringar knytt til kapasitet, infrastruktur, miljø og kommunale tenester.

Ordninga bør difor vere basert på tydelege kriterium, enkel sakshandsaming og lokal fleksibilitet.

Region Fjordane vil særleg peike på behov for: 

  • Ei tydeleg avgrensing mot svært korte anløp, slik at ordninga ikkje får utilsikta utslag 
  • Kystrutene sine anløp bør ikkje omfattast av berekningsgrunnlaget pga svært korte anløp 
  • Klare retningslinjer for samarbeid i interkommunale hamneselskap (IKS), særleg i tilfelle der kommunar vel ulik praksis 
  • Opning for sesongdifferensiering, slik at avgifta kan tilpassast variasjonar i belastning og behov gjennom året.
  • Låg terskel for å kunne innføre cruiseavgift
  • Rask avklaring for kommunar med særleg stor belastning

 

Avslutning

Region Fjordane støttar innføring av ei cruiseavgift som eit verkemiddel for å sikre finansiering av fellesgoder og handtering av auka besøk. 

Samtidig meiner Region Fjordane at: 

  • Nivået på avgifta må justerast ned frå føreslåtte 100 kroner til ein nasjonal sats på inntil 20 kroner per passasjer 

Sist oppdatert: 15.06.2026
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp