Atløysambandet er eit ferjeavløysingsprosjekt som over tid har fått brei lokal og regional støtte. Prosjektet er vedteke, planlegging er gjennomført, og kommunar, næringsliv og innbyggjarar har innretta seg etter at sambandet skal realiserast.

– Politiske vedtak må vere til å stole på. Når eit prosjekt har vore gjennom demokratiske prosessar, fått nødvendige vedtak og det er gjennomført anbod, då må ein stå ved avgjerdene som er tekne, seier Leif Jarle Espedal, leiar i Region Fjordane.

Ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen, peikar på at fylkeskommunen gjennom fleire år har arbeidd fram prosjektet innanfor rammene av ferjeavløysingsordninga. Ordninga er etablert nettopp for å kunne erstatte ferjesamband med fast samband når det er samfunnsøkonomisk og regionalt fornuftig. Atløysambandet er eit slikt prosjekt, seier Klausen.

I tillegg til dei transportmessige gevinstane vil Atløysambandet bidra til auka bu- og arbeidsmarknadsintegrasjon, styrkje næringsutviklinga og gi meir føreseielege rammer for innbyggjarar og næringsliv i området. Region Fjordane meiner fylkestinget no må vise respekt for dei vedtaka som er fatta og sikre at prosjektet kan førast vidare som planlagt.

– Tillit til politiske prosessar er ein grunnleggjande verdi. Dersom vedtak stadig vert opna for omkamp etter at prosessane er avslutta, skaper det uvisse og svekkjer tilliten til det politiske systemet. Difor oppmodar vi fylkestinget om å stå ved tidlegare vedtak og sikre framdrift i Atløysambandet, seier Espedal.


 

Les fråsegna som er sendt til Fylkestinget

 

Atløysambandet er eit prosjekt som har vore prioritert gjennom mange år og som har vore gjennom omfattande planlegging og politisk handsaming. Region Fjordane oppmodar fylkestinget om å leggje vekt på dette i den vidare behandlinga av saka.

 

Tillit til demokratiske prosessar

Atløysambandet har vore gjennom ein lang og grundig plan- og vedtaksprosess. Prosjektet har vore under ei lang planlegging og staten har godkjent prosjektet som ferjeavløysingsprosjekt, og fylkestinget har ved fleire høve stadfesta at prosjektet skal realiserast. Så seint som i mars 2026 vedtok fylkestinget å gå vidare med prosjektet.

Region Fjordane registrerer at fylkesdirektøren no tilrår å avlyse konkurransen og ikkje realisere prosjektet. Samstundes går det fram av saksframlegget at dei innkomne tilboda ligg innanfor kostnadsramma fylkestinget vedtok i mars 2026.

Vi vil understreke betydninga av føreseielegheit og tillit til demokratiske vedtak. Kommunar, innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar må kunne innrette seg etter vedtak som er fatta gjennom ordinære demokratiske prosessar. Når eit prosjekt har vore gjennom planlegging, finansieringsavklaringar og anbodskonkurranse, skaper det forventningar som legg grunnlag for vidare planlegging og investeringar. Dersom prosjekt på dette stadiet blir stoppa, kan det svekkje tilliten til offentlege plan- og vedtaksprosessar.

 

Økonomisk vurdering av ferjeavløysingsprosjekt

Region Fjordane meinar at det er viktig å sjå Atløysambandet i lys av dei særskilde finansieringsordningane som gjeld for ferjeavløysingsprosjekt. Atløysambandet er ikkje eit ordinært fylkesvegprosjekt. Prosjektet utløyser eigne ferjeavløysingsmidlar frå staten, og det vil i tillegg vere knytt momskompensasjon og mogleg rentekompensasjon til prosjektet. Dette er finansieringsordningar som ikkje utan vidare kan nyttast til andre prosjekt.

Saka synleggjer etter vårt syn først og fremst utfordringar ved dagens ferjeavløysingsordning. Kostnadsvekst, renteutvikling og manglande samsvar mellom utviklinga i prosjektkostnader og utviklinga i ferjeavløysingsmidlane har endra føresetnadene for prosjektet etter at det vart godkjent. Dette er forhold som i liten grad kan påverkast lokalt.

Vi meiner derfor at fylkestinget bør vere varsamt med å trekkje tilbake tidlegare vedtak om realisering av Atløysambandet. Dersom utfordringa er at rammevilkåra rundt ferjeavløysingsprosjekta ikkje lenger er tilstrekkelege, bør dette møtast gjennom arbeid for betre statlege ordningar og meir føreseielege finansieringsvilkår.

Sist oppdatert: 15.06.2026
Forfattar: Region Fjordane

Scroll top

Opp