Dei nyaste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det no bur 78 158 personar i Region Fjordane. Tala for første kvartal 2025 peikar på at fleire kommunar i regionen har hatt folketalsvekst, og teiknar eit bilete av ei region i positiv utvikling – sjølv om det er store variasjonar mellom kommunane.
Sunnfjord (+48), Stryn (+27) og Bremanger (+21) er kommunane med størst auke i folketal så langt i år. I tillegg har både Fjaler (+5) og Solund (+5) hatt ein positiv utvikling i folketalet.
Det er Sunnfjord, Kinn og Stad som er dei folkerike kommunane og omlag 65 % av innbyggjarane bur i desse tre kommunane. Det er Kinn (-16) og Stad (-14) som er dei kommunane som har hatt størst reduksjon i innbyggjartalet dette kvartalet.
Totalt har Region Fjordane hatt ein samla vekst på 41 personar i fyrste kvartal.
Sist oppdatert: 31.05.2025
Forfattar: Region Fjordane
Opp