Fjordane IPR består av 11 kommunar i den nordlege delen av Vestland. Det bur om lag 77.000 innbyggjarar og regionen består av to destinasjonsselskap Visit Fjordkysten og Visit Nordfjord. Vi har besøkande knytt til hytte-, cruise-, konferanse og opplevingsturisme.
Våre kommunar har som mål å bli merka som berekraftig reisemål i løpet av våren 2025 og 6 kommunar deltek i prosjekt om besøksforvaltning i regi av Vestland fylkeskommune. I arbeidet med reiselivssatsingane har kommunane behov for inntekter for å løyse oppgåver og arbeide for tilrettelegging av lokale og regionale målsetjingar. Difor meiner vi at øyremerka midlar bør gå til reiselivsrelaterte fellesgoder for kommunar som har ein reisemålsstrategi gjennom merke for berekraftig reisemål.
Kommunane i Region Fjordane er positiv til at ein vil innføre ei ordning og meiner at lovheimlar må på plass snarleg. Det er viktig at kommunane har høve til å differensiere besøksbidraget for å ta omsyn til aktørane som bidreg til besøk.
Lovforslaget som no er lagt ut på høyring tek ikkje omsyn til det komplekse reiselivsbiletet. Det er uheldig å dele besøksbidraget inn i to fasar der ein innfører besøksbidrag på overnatting fyrst og cruise på eit seinare tidspunkt. Fase 1 og 2 bør innførast på same tid for å gje større aksept og forståing for innføringa.
Etter vår meining bør ein legge til rette for ei fordeling av inntektene som vert opplevd som rettferdig og heilskapleg. I det vidare arbeidet bør ein finne ordningar på besøksbidrag for kommunar som har dagsbesøk, men få overnattingar og cruisegjestar. Ein bør difor sjå på kva for ordningar som kan gjelde for transportmiddel og attraksjonar.
Sist oppdatert: 17.01.2025
Forfattar: Region Fjordane
Opp