Invest in Fjordane og Norconsult orienterte om den regionale kraftanalysen som er bestilt for Fjordane. Målet med kraftanalysen er å få eit kunnskapsgrunnlag og innsikt i regionen sitt energibehov og potensial, samt identifisere moglegheiter for auka kraftproduksjon og betre distribusjon. Analysen vil vere eit viktig verktøy for det vidare arbeidet knytt til kraft. Norconsult er i oppstartsfasen av arbeidet og ber om å få innspel som kan vere relevant for saken. Kraft engasjerer og rådsmedlemmane hadde mange innspel til kunnskapsgrunnlaget som bør vere ein del av kunnskapsgrunnlaget.
Arbeidsutvalet ba om å få ei generell orientering om reiseliv til rådsmøtet. Denne orienteringa skapte stort engasjement og rådet ba om at det vert utarbeidd ei sak til rådet.
Rett før avreise til Solund kjem det ein beskjed om kanselert ferje med usikkerheit om kor raskt reserveferje var på plass. Anne Kristin opna møte med at regionrådet bør gje ei uttale om utfordringar som ein opplever på ferjer og båtruter ved kysten. Regionrådet var samd om at vi må sende ei uttale til fylkeskommunen for å belyse utfordringane og konsekvendane det har for innbyggjarar og næringslivet.
Vi har som mål å bli betre kjend med kommunane i regionen. Ordføraren fekk vist fram mykje av det som skjer i Solund kommune. Gjenbruket er ein fantastisk møtestad der ein kan vere sosial, lære språk, få arbeidtrening og kjøpe noko fint, slik som ordføraren i Askvoll gjorde ved å kjøpe seg nokre gode tjukkelabbar. Vi var innom arbeidsbasen til fylkeskommunen for å høyre om framdrifta av bru over Steinsundet og fekk sett litt på framtidige planar i Solund kommune.
Takk for besøket Solund!
Sist oppdatert: 02.12.2024
Forfattar: Elisabeth Hatlenes
Opp